
Ein gong for mange tusen år sidan styrta ein enorm metallisk kube med mystiske krefter ein stad innanfor den nordlege polarsirkelen. No har robotar frå ei fjern planet kome til jorda for å kjempe om kontroll over kuben. På den eine sida er dei vonde «Decepticons» under leiing av Megatron, som vil bruke kuben for å ta over verden. På den andre er dei gode «Autobots», som vil hjelpe og beskytte menneska. Begge lever i skjul på jorda ved å kamuflere seg som bilar, fly, eller andre dagledagse mekaniske eller elektroniske gjenstander.
Sam Witwicky (Shia LaBeouf), ein ganske typisk amerikansk highschool-elev, prøver å få råd til sin første bil ved å selge diverse utstyr som bestefaren hans brukte på diverse polarekspedisjonar. Salget går dårlig, men med litt støtte får han seg likevel bil: ein aldrande men heftig Wolgswagen Camaro, som til tider ser ut til å ha sin egen vilje. Det skal snart vise seg at bilen har mykje meir enn akkurat det, og at det blant «skrapet» han har arva frå bestefaren finns ei brikke i eit spel som er større enn han kunne ha fantasert om...
Historien bak «Transformers» er kanskje litt tynn, men det held til formålet. Spenningskurva er det ingenting i vegen med, og med med humor spedd på i passelege dosar utover er dette god underhaldning. Den obligatoriske pene jenta er sjølvsasgt òg med.
Robotane er sjølve rosina i pølsa; i tillegg til at dei ser heftige ut som roboter, er transformasjonen fra bil, fly, eller trailer til stor energisk krigsmaskin og tilbake igjen eit lite kunstverk. Det er rett og slett vakkert når dei bretter seg ut i ein myriade av roterande delar og reiser seg opp på to bein. Dei som såg teikneserien frå midten av 80-talet på engelsk vil forresten setje pris på at Peter Cullen er henta inn for å gje Optimus Prime sin originale stemme.
Det einaste eg eigentleg sakna ved filmen er at vi ikkje rekk å bli spesielt godt kjende med robotane, i alle fall ikkje før det nermar seg slutten. Med tanke på at det er lagt opp til ein oppfølgar i 2009 er dette likevel ikkje så farlig. På sett og vis virker «Transformers» som ein introduksjon til det som kan bli ei rekkje gode filmar. Vi gleder oss!
Les også anmeldelser i samme filmserie:
-
Transformers: Rise of the Beasts - Ikke så verst comeback, til slitsom franchise å være.
-
Bumblebee - Grei film om vennskapet med humletransformeren
-
Transformers 5: The Last Knight - Fremdeles eyecandy, men man blir sliten, så sliten.
-
Transformers 4 - Kan det BLI større nå?!
-
Transformers 3 - ADHD-action!
-
Transformers 2: De beseirede slår tilbake - Overmektige metalldoninger slår deg knockout!
Les også anmeldelser av andre filmer med samme regissør:
-
Ambulance - Michael Bay smeller til med en litt lunken bankran-film
-
6 Underground - Popcornbadet Bay-action på Netflix!
-
Transformers 5: The Last Knight - Fremdeles eyecandy, men man blir sliten, så sliten.
-
13 Hours: The Secret Soldiers of Benghazi - Krigsaction med høye smell og mye ødeleggelse
-
Transformers 4 - Kan det BLI større nå?!
-
Pain & Gain - Regissør Michael Bay leker auteur
-
Transformers 3 - ADHD-action!
-
Transformers 2: De beseirede slår tilbake - Overspent effektonani uten et fungerende manus i bunn
-
The Island - Kult konsept og interessant start
-
Bad Boys 2 - Tidvis kul popkornaction
-
Pearl Harbor - Hollywoodgalskap med Michael Bay bak spakene...
-
Armageddon - Tøysete, tullete og gøy om dommedagen
-
The Rock - Actionfilm i storform!
-
Bad Boys - Midt på treet undeholdning i Bad Boys
Les også andre anmeldelser av utgivelse:
-
Fram med popkornet!
-
Nice action!
-
Popcornunderholdning dyppet i masse gyldent effektsmør
-
Transformers! More than meets the eye?