Filmfronts personvernerklæring og informasjonskapselbruk / PRIVACY & COOKIES
Logg inn
Bli medlem
 
 

Anmeldelse av Freedom Writers, amerikansk film fra 2007

Drama Spilletid: 123 minutter

Sterkt og inspirerande

[Skrevet av: Kjartan, Dato: 18.05.2007]
Freedom writers er basert på verkelege hendelser frå Long Beach, California på slutten av nittitalet. Erin Gruwell (Hillary Swank) byrjer som lærarinne på Woodrow Wilson High School, ein skule som på kort tid har gått frå å være topp-rangert til det stikk motsatte som følgje av vanskar med å integrere elevar frå ulike grupper.
Annonse:

Elevane er splitta i gruppar avhengig av rase og hudfarge, og lever i ein kvardag prega av mykje vold og lite framtidshåp. Dei fleste lærarane ser på arbeidet med elevar frå slummen som sløsing med ressursar, mens elevane på si side ser få grunnar til å prøve å fullføre utdanninga. Utfordringane står med andre ord i kø for Gruwell, som må kjempe aleine i alle ledd for å hjelpe ein klasse med «værstingar».

Byrjinga av filmen presenterer situasjonen frå to diametralt motsatte synspunkt, det er på eit vis som om det vert veksla mellom to ulike filmar i kvar sin sjanger: Den første beskriv utfordringane ved å leve som svart eller latinarmrikanar i slummen, mens den andre viser den litt meir normale kvardagen til ei kvit mellom-klasselærarinne som går med perlekjede og gjerne vil undervise i poesi og klassisk gresk litteratur. Dette gjev filmen eit litt merkeleg preg i starten, men er samstundes med på å framheve forskjellen mellom læraren og elevane. Den tolmodige og oppfinnsomme Gruwell gjev likevel ikkje opp, og gapet mellom henne og ungdommane vert etter kvart viska ut. «Oddyseen» av Homer vert erstatta av tekstar av Tupac Shakur, og andre tema som elevane kjenner seg meir att i vert tatt opp. For første gang opplever dei å verte tatt på alvor, og dei knyttar snart sterke band både til kvarandre og Gruwell.

Temaet i «Freedom writers» er noko vi har sett mange ganger før i ulike variantar, men forteljinga er sterk og skodespelet overbevisande, og det er nær sagt umogeleg å sjå filmen utan å værte oppriktig rørt gong på gong. Dette er ein alvorlig, men positiv film som absolutt er verdt å få med seg.


Les også anmeldelser av andre filmer med samme regissør:
- Beautiful Creatures - Gammeldagse men likandes utskudd

Diskusjon

18.05.2007 sier Ole: Læraren min på ungdomsskulen fortalde at om ein vert skrive til på nynorsk, ja, så skal ein svare på nynorsk. :D

Ikkje eit ondt ord om omtalen eller omtalaren, ein har da rett til å ha eige meiningar, og eg gir vanligvis plusspoeng for dei som tør å gå motstrøms. Eg las nemlig i fleire norske publikasjonar at filmen ikkje er mykje å rope hurra for, noko eg ikkje kan uttale meg om ettersom eg ikkje har sett den og eg kjem nok aldri til sjå den.

Kvifor skal eg ikkje sjå den? Førehandsdømming løner seg nesten aldri, men eg trur eg har sett omtrent den same filmen fleire gonger før, og eg tykte ikkje om dei. Men det er sikkert ein knallfilm for alle som liker oversentimentalt drama. :)
Les mer om filmen
Gjennomsnittskarakter:
(3,6 av 6 - 17 stemmer)

Kritikker i media

  • Freedom Writers
  • Se og hør
  • Cinerama
  • Verdens Gang
  • Cinemablend.com
  • Side2
  • Berlingske Tidene
  • Politiken (Danmark)
  • Filmz.dk
  • Captain Charismas Filmblogg
  • Dagbladet
  • Aftenposten
  • Natt&Dag
  • Cinemazone

Land:

USA

Språk:

Engelsk

Filmselskap:

Paramount Pictures, Jersey Films, MTV Films, Double Feature Films, Kernos Filmproduktionsgesellschaft & Company

Medvirkende

Profilerte anmeldelser

 
 

   Filmfront.no © Filmfront AS 2019 Les mer om filmfront

   Alle navn, merkenavn og bilder er copyright til de respektive eiere og skapere.